Supermann

Av Gudrun Kløve Juuhl, Høgskulelektor ved Nynorsksenteret. Sto opprinnelig i Klassekampen 13. juli 2013.

Det slår meg stadig kor utruleg heldig eg er som har ein kjærast som aldri har lese, eller kva heiter det, «brukt» porno.

Ikkje for det, eg kan likevel samanlikna meg med fine damer på tv, eller på jobben, og tenkja at sånn skulle eg og sett ut. Det er alltid noko å samanlikna seg med om ein er interessert i å koma til kort. Men eg slepp å vera redd for at eg har sex med nokon som eigentleg ser for seg ei dame med ballongpuppar og barbert fitte. Eller at eg utfører noko som er koreografert i ein pornofilm, og så gjer eg det kanskje ikkje heilt bra nok. Eg kan vera oppslukt i puling og det er det, liksom.

Dette er ikkje berre fordi kjærasten min er ein fin fyr. Det er også fordi han var fjortis før internett hadde bilete. Og då eg møtte han hadde han vore med i alle slags radikale organisasjonar og fått eller teke eit standpunkt mot porno.

No må ein ikkje gå på bensinstasjonen og kjøpa blad, eller finna i gamle bunkar på hytta og i skur ute i skogen. Dessutan var det uansett ikkje levande bilete. No er visst norske fjortisar på europatoppen i pornosjåing på nettet, i fylgje EUKids Online, om lag ein tredel svara at dei hadde sett porno siste året. Det kan vera mange grunnar til det, som ikkje treng handla om at norsk ungdomskultur i utgangspunktet er meir pornoorientert enn andre land sin, det kan ha med at nordiske ungdomar tradisjonelt er mindre overvaka av foreldra enn i ein del andre land, og at norske ungdomar er på topp når det gjeld smarttelefonar. At norske ungdomar ser mest porno kan vera ei av få forbanningar knytt til å vera verdas rikaste land meir enn eit uttrykk for ei spesiell pornointeresse blant norske ungdomar. Likevel har det noko å seia om pornoen er den fyrste inngangen til sex med andre enn ein sjølv, og i kva grad det er pornoen som utgjer biletsporet til kåtskapen vår.

Ei ganske banal sanning om porno er at det er mest bilete av damer. I dei gamle pornoblada var det bilete av sprikande damer medan mannen gjerne var representert ved ein stor ståpikk eller ikkje til stades på andre måtar enn tilskodar eller «brukar». Eg las pornoutvalet i ein kiosk ein månad 2006 for å skriva eit føredrag om det, eg veit ikkje om nettpornoen no er på same måten eller annleis, og eg vil helst sleppa å gjera ei grundig undersøking, men me kan rekna med at det framleis er mest damer ein kan sjå. På den måten slepp unge gutar i stor grad å sjå seg sjølve i pornoen, men dei kan ikkje unngå å sjå damer som berre er til for at andre skal få utløp for kåtskapen sin. Og sjølv om nettpornoen sikkert er meir mangfaldig enn den gamaldagse bladpornoen, er det sannsynlegvis også vanskeleg for unge jenter som ser eller dumpar borti porno å unngå å sjå noko som representerer ein sjølv som noko som berre er til for å verta pult.

Mine eigne leseerfaringar med Dag Solstad sine kvinnefigurar då eg gjekk på vidaregåande var truleg mindre nedbrytande, sjølv om eg hugsar eg var frustrert over mangelen på kvinner ein kunne identifisera seg med utan å leggja frå seg all sjølvrespekt. 

No er kjærasten min lærar, og har teke jobben med å riva ned bilete av undertøymodellar i klasserommet. Det hindrar sjølvsagt ikkje elevane i å dela bilete på telefonen, men det set ein standard for korleis det er akseptert å sjå på kvinner i dette klasserommet.

Eg vonar det framleis veks opp slike gutar, trass i at nettpornoen finst. Og at ungdomsorganisasjonane framleis greier å skapa ein kultur for flørting og kjærasteri der porno ikkje er ein akseptabel referanse. Eg har ei dotter.